02.jun.2010

Prom var veldig, veldig kjekt! I 3-tida reiste eg til Gabi og me stelte oss før me reiste til middag med nokre venner. I 9-tida reiste me til sjølve prom. Me dansa og hadde det kjempekjekt og fyy so mange fine kjola da va!

Etterpå reiste eg til Katies hus og sov over der.

Eg var stuptrøtt dagen etter for eg reiste i kyrkja klokka 9 rett frå Katie sitt hus, for so og reisa til den siste AFS-orienteringen.. det var litt trist for me snakka om pakking og avreise. Men det er alltid so kjekt på AFS samilingane so mi tenkte ikkje so mykje på avreisen.

Vêret her er so sjukt fint no. Opp mot 35 grade celsius.  Herle!

Det har vore ganske travelt i det siste. Eg har reist rundt om og sett fleire områder av Minnesota. Skulen er ferdig 9 juni. Mamma, Johanne og Marit kjem den 11 juni og graduation er den 13 juni. Mykje so skjer no framøve.

 På fredag reiste Katie, Kiana, Jackie, Chealsy og eg på baseball-kamp.




03.mai.2010

Duluth hadde ein utruleg fin natur, det var godt å få sjå litt natur etter ein lang tid i byen.

Me reiste rundt om i området og såg på eit lyshus, mangen fjellstup og sjølvsagt den store innsjøen som me såg overalt.

Me var ein nokså stor gjeng som reiste; Grandpa Jim og grandma MaryAnn, Jon, jane, kate og Jacob. Vertsmor, vertssyster og meg sjøl. Vêret var veldig fint, berre litt vind. Eg hadde ein veldig fin tid der oppe.

 

Sist søndag hadde eg presentasjonen min om Noreg. Eg trur det gjekk nokså  bra, eg laga rømmegraut og risengrynsgraut, begge blei berre heilt perfect. Eg brente ikkje dei ein gong.

Eg er berre glad eg er ferdig med presentasjonen min.

 

På torsdag reiste Michelle, Gabi, Taylor og eg til Festival Of Nations, så me slapp skulen den dagen. Festival Of Nations er på ein feiring til alle landa i verden. Dei har bodar med mat, ting du kan kjøpe og informasjon om landa der. Eg reiste ned der i forbindelse med skulen min. Det var veldig kjekt og interessant!

 

Dagen etter hadde me fri frå skulen fordi det er midtri. Så Miriam, Kiana, Rachel og eg reiste ned til Sør-Minnesota til Amish-området der nede. Å gud, eg digga da!

Dei kjekk med kleda sine og køyrde rundt i vognene sine. Eg lærde mykje og om kvifor dei lever slik dei gjer. Utruleg kjekt, ganske tøft og faktisk J

 

Visste du at.....

 
  • Dei går berre på skule frå 1-8 klasse. Dei meinar at dei lærer alt dei treng på den tiden og reiste kan dei lære i heimen.
  • Det er ikkje lov til å ta bilete av dei. I bibelen står det at det einaste bilete dei kan ha av seg sjøl må komme frå høgare makter. ( Gud)
  • Dei brukar ikkje elekrisitet eller moderne verktøy.
  • Tysk er det fyrste spåket dei lærer. Dei lærer engelsk når dei begynner på skulen og når dei høyrer dei eldre snakke til dei som ikkje er amish.
 

Dette var vertfall dei reglane dei som me besøkte fulgte.

 

På laurdag møttest Philipp, Yvonne, Anthione, Milk og eg hjå Sandie, me scrapbook(a), og tilbringte heile dagen der.

 

J

16.apr.2010

Sist laurdag reiste Katie, Lauren, Kiana og eg paa hockey kamp. det var veldig kjekt sjolv om Minnesota tapte mot Texas..
I dag tek me fri fraa skulen og reiser opp til Duluth, grandma og grandpa kjem her om 2 timar, so maa me koyre ca 3 timar opp nord. Det gler eg meg veldig til, og no tiitta soli fram og :) da begynna aa bli ganske varmt her no aka 20 C.

Og no er det faktisk berre 36 skuledagar att for meg!! 
 

:)

div

Paasken her var kjempefin, hadde fri fraa skulen og reiste litt rundt om. Tok ein liten tur Wisconsin, Katie, Kiana og eg.
Sjolve paasken feria me hjaa verts-besteforeldrene mine i Cokato, og eg fekk ei paaske-korg fraa verts-mor. Me reiste i kyrkja paa sondag klokka 07:00! Pluss at me forsov oss! Grandma er ferdig me teppe ho har sydd til meg, det var kjemefint, men kjem til aa ta stor plass i bagasjen heimatte.

Eg har og skaffa meg ein prom-dress. Den er lang, men ikkje saann stor prinsesse kjole, den er litt meir rett ned, og eg kan bruka han igjen i Noreg. Eg lika han godt. No maa eg berre finna sko. Prom er ikkje for 14 mai, so eg har tid.

Neste helg reiser me til Duluth, noko som eg ser veldig mykje fram til.


Mars!

oppsumering fraa den siste tiden:
-det er blitt varmare og snoen smelta.
-eg datt paa isen og forstua ankelen.
-eg har hatt finals dennne veka. begynner 3 trimester paa maandag.
-eg har vore i kyrkja.
-eg har vore paa shopping og kjopt 5 skopar! :))
-eg har vore paa kino.

Eg hugsar ikkje kva anna eg har gjort paa. Men eg har fri i morgon, og daa skal me reise til Mall of America! :)
Gabi og eg har tenkt aa melde oss paa track neste veke, me veit ikkje korleis event me skal gjere endaa, haapar foten min blir bra att snart, det er fortsatt ilt aa gaa paa han.

her e bilde av Ina og meg naar me reiste me Cara til St. Paul : (og ja, eg veit eg ser ut som ein nisse med den hua)



Helg!

Endele er det helg! Eg har vore supertroytt denne veka, med masse skulearbeid og kyrkjesamilngar.
I dag skal me paa bowling! eg har faktisk ikkje bowla i USA, so i dag blir den fyrste!
vertsbestemora mi skal sy eit lappeteppe til meg, so i dag maa eg velja farge og mønster! 
Biologi laeraren min helde meg oppdatert paa kordan Noreg gjer det i OL sidan eg aldri faar tid til aa sjaa. Men eg fekk med meg at Aksel Lund Svindal vann GULL i gaar, fekk med meg intervjet til og med. Artig aa sjaa Nordmenn paa TV.

bilete fraa forrige helg :)






Sidan sist!

I helga kom Linda og Nora opp til huset vaart om me reiste paa shopping! Nora reiste heim paa sondag, medan Linda blei til mandag. Me hadde fri pga Presidents day!
Har sett litt paa OL, paa fredagskveld kom Rachel og Katie til oss for aa sjaa opningssermonien. So eg har hatt ei veldig kjekk helg, og vore travel heile tida!
Paa onsdag reiste me i kyrkja fordi det var ash wednesday, det var ei gudstenesta men me maatte gaa opp til alteret og faa ein kors i panna, eg trur det var sot me fekk paaklint i panna.

Sno Daze!

I går var det Sno Daze dance på skulen min. Eg reiste med Kiana, Rachel og Robert. Så møtte me Gaby på skulen. Me reiste ut for å ete først, so reiste me på dansen. 
Dei hadde ein DJ som spelte alt frå Rap til Country. Etter dansen reiste me til Rachel sitt hus, og såg ein film. 





Rundtur

På torsdag tok Cara, ei jenta på skulen min, Ina og meg med på ein tur til Minneapolis og seinare St. Paul. Ho visste oss ein skulptur i Minneapolis, ei skei me eit krisebær.  Og me vandra litt omkring. So køyrde me til St. Paul og drakk te faktisk. Ina var litt småsjuk så me blei ikkje so lenge. Men det var vertfall kjekt!  





Twinsfest

Vertsfamlien min på faren si sida, er store Twins fans (minnesota sitt baseball-lag), so i dag reiste Kiana, Lance og eg på twinsfest. Det er ein stor "samling" der folk møtast på baseball-bana og kan kjøpe all slags baseball utstyr. 
Etter twinsfest reiste me til vertsbesteforeldrene mine. Klokka 17:30 reiste me på laurdagsgudstenesta (!) i kyrkja, sida eg ska i kyrkja i morgon, har eg vore 3 gonga i kyrkja denne veka. Ungdomskyrkje koret har ein liten konsert i gudstenesta i morgon. 





Les mer i arkivet » Juni 2010 » Mai 2010 » April 2010
Dagfrid i USA

Dagfrid i USA

17, Sogndal

Eg reise som utvekslingsstudent til USA med AFS. Her kan famile og venne følgja med på mitt år i USA.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits